Søk

Lukk

Ungdata engasjerer

48 000 barn og unge i Vestland deltok i Ungdata-undersøkinga som vart gjennomført tidligare i år. KoRus Bergen er så heldig å få møta ein del av desse unge ved ulike Ungdata-seminar i mange kommunar no i haust.

7., 8. og 9. september var KoRus i Lærdal, Årdal og Høyanger. Vi la fram resultat og la til rette for diskusjonar, refleksjonar og grupperabeid mellom tilsette og elevar. Det som er bra (det meste er jo det) må bli forsterka, og der det er «skjer i sjøen» treng ein navigerande tiltak.

 

Saman med rektor og skulehelsesjukepleiar la desse elevane i Lærdal fram gode forslag. Foto: Camilla Grøttebø

 

Korus ser fram alle kommunebesøka denne hausten og vinteren. Det skal bli kjekt å følgja kommunane vidare framover med tanke på aktivitet og tiltak i kjølvatnet av Ungdata.


Publisert 17. september 2021