Søk

Lukk
0

Knall film-premiere utan raud løper og champagne!

Nasjonalt nettverk for musikkterapi – rus og psykisk helse, som KORUS Bergen koordinerer, lanserte 6 filmar om musikkterapi i Fredrikstad 12. august 2022.

Vertskapet for premieren var 50-års jubilanten Norsk forening for musikkterapi.

Speisalrådgjevar Reidar Dale frå KORUS Bergen. Alle foto: Kristian Ulyses Andaur / Norsk Forening For Musikkterapi 

Filmane vart svært godt tekne i mot! 

Dei korte filmane har eit recovery-fokus og fortel m.a. om kva musikkterapi er, bruk i spesialisthelseteneste og kvardagsliv, brukamedverknad, tilhørsle og identitsbygging og finst både på nynorsk og bokmål. Ønskjer du meir informasjon kan du besøke heimesida til Fagrådet – Rusfeltetshovedorganisasjon sin sak om Nasjonalt nettverk for musikkterapi - rus og psykisk helse eller kontakt Spesialrådgjevar Reidar Dale i KORUS Bergen.

Du kan sjå alle filmane i videovindauget under. 

 


Publisert 17. august 2022