Søk

Lukk

Det er på tide å stogga all reklame for pengespel i Noreg!

55 000 nordmenn har problem med pengespel. 122 000 nordmenn står i fare for utvikla problem. Fleire og fleire blir eksponerte for pengespelreklame på TV og internett.

Ikkje forvent at du skal tena pengar når du gamblar, sa casinoeigar og milliardær Stanley Ho, med kallenamnet «Kongen av gambling». Han spelte aldri sjølv!

Kronikk: Reidar Dale.

Når det gjeld aggressiv pengespelreklame, reknar mange med meg Betsson, Unibet, med Magnus Carlsen i spissen, og ComeOn! med John Carew som frontfigur, som verstingane. Eg er svært irritert over å få Carlsen og Carew ubedne inn i stova, men heldigvis skal det bli slutt på det når 2020 går over i 2021. Då kan Medietilsynet med ny lov i handa stogga marknadsføring av pengespel som ikkje er tillatne i Noreg. Dette skal gjelda både lineært TV og internett. Eg applauderer! Men, applausen min hadde vore kraftigare og lengre viss lova også hadde omfatta marknadsføring av alle pengespel - slike som Rikstoto, Postkodelotteriet, og ikkje minst alt frå Norsk Tipping, som er den desidert største lovlege pengespelaktøren Noreg.

Pengespelproblem:

  • Det er 55 000 nordmenn som har problem med pengespel.       
  • Det er 122 000 nordmenn som står i fare for utvikla problem.
  • Om lag 500 000 nordmenn blir indirekte råka av problem knytt til gambling (familie, venner, kollegaer, arbeidsgjevarar).
  • Mange blir gjeldsoffer utan å ha spelt for ei einaste krone.

Problem knytt til pengespel er eit samfunnsproblem!

Reklame:

  • Det er ulovleg for utanlandske speleselskap å reklamera for pengespela sine i Noreg, sjølv om 6 av 10 nordmenn trur dei har lov.
  • Viasat, Max og TV3 som sender reklame for speleselskap utan løyve i Noreg, sender frå Storbritannia og omgår, inntil vidare, lova.
  • Norsk Tipping og Norsk Rikstoto og nokre få andre aktørar har eksklusiv rett til både pengespel og marknadsføring av desse spela i Noreg.
  • Fleire og fleire blir eksponerte for pengespelreklame på TV og internett.

Reklame for pengespel medverkar til at fleire utviklar pengespelproblem!

Kultur- og likestillingsministeren la fram eit lovforslag på vegne av Regjeringa, og Stortinget vedtok lova i mai 2020, med vern om monopolet på pengespelreklame i Noreg. Sjølvsagt har statsråden og Kulturdepartementet også «lyttet til de som har et problemfylt forhold til pengespill, og til deres pårørende» (medietilsynet.no), men dei kan neppe ha lytta godt nok. Norsk Tipping er underlagt Kulturdepartementet, med kultur- og likestillingsministeren som sjef. Sjølv om det finst verre aktørar enn Norsk Tipping, er det likevel sant at dei har over 20 000 registrerte spelarar som taper så mykje kvar månad at dei er å rekna som problem- og risikospelarar. Problem knytt til KongCasino og Belago er aukande.                                                    

Eg har sjølv opplevd oppturar og nedturar når det gjeld pengespel, og litt spenning i kvardagen vil eg ikkje ta frå nokon. Det er ikkje spelinga eg vil til livs, men all pengespelreklamen.  

Stogg all marknadsføring av pengespel i Noreg!

Eg vil ikkje satsa feriepengane mine på at det blir forbod mot reklame for alle pengespel i Noreg i næraste framtid. Diverre! Det blir heller ikkje satsa pengar på at eg ikkje får besøk neste år av Magnus Carlsen og John Carew, som framleis vil tilby meg «velkomstbonus». Eg er redd det finst smotthol for å omgå lova denne gongen også. Diverre!


Publisert 22. juni 2020